top of page

Det var ein gong i -53, at tankar blei til handling. Ein gjeng med "kara" fekk i gang ei spelegla` forsamling.
Først dei måtte skaffe seg; horn og bass og trekkbasun,tromme, tuba og kornett  -på øving gjekk det lett.

Sommer samling 201605052016_073.jpg
Ekko-36-2.jpg

Drivkrafta i det musikalske aspektet har heile tida vore å nå stadig høgare mål. Men kva målet er og korleis kome dit er alltid eit diskusjonsspørsmål. Noko som har ført til at ein prøver stadig nye utfordringar. Dette har vi gjort fleire gongar ved å knytte til oss dyktige samarbeidspartnarar som ballettdansarar, song- og instrumentsolistar, kor og korps, samt at korpset sjølv meistrar stadig nye utfordringar. Derfor er det spanande og kjekt å spele i korpset.

​

Vi i korpset er ein munter og humørfylt gjeng som har det triveleg saman. Det ser vi som like viktig som spelegleda. Musikk og humor i skjønn harmoni er varemerke for Musikklaget Ekko.

©2025 Copyright by Musikklaget Ekko.       

bottom of page